torsdag 2. desember 2010
søndag 21. november 2010
Rekneark for fattige studentar
I det eg las leksjonen til Torbjørn Frantsen byrja eg med det same å tenkje på at dette ikkje kunne vere godt for økonomien. Eg har ikkje Microsoft Office sine digitale verkty som word og då også excel. Eg ønskjer meg det til jul, men ein kan aldri vite kva som blir liggande under treet. Men etter å ha lest litt vidare så kom eg over Google sine rekneark, som er GRATIS! Som student er "gratis" mitt absolutte favorittord! Ekte sunnmøring, ja eg veit det. Men for å kome til poenget så skal eg fortellje litt om, nærmast reklamere litt for, reknearket til Google.
Til å begynne med skal du få ein link som sender deg direkte til Google rekneark: <https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=tUNDybCY6ZolSFO0HXb2Yag&hl=no#gid=0>
Det første du må gjere er å lage deg ein konto med Google. Her får du tilgang til dokument (som er godt tilrettelagt for samskriving), dette har eg erfaring med frå DKL studiet og anbefalar alle som skal drive med gruppearbeid - ein kan nemmleg arbeide med dokumentet i sanntid. Det vil seie at om du sit i Kina og eg her på Sunnmøre, så ser eg din markør og kva du skriv og du ser kva eg skriv.
Denne mulegheita har ein også med reknearket! Torbjørn Frantsen (2010) føyer til: "Ein kan
altså sanke informasjon og få den lagra i eit rekneark, som jo er den perfekte staden å
ha data lagra i forhold til å kunne organisere og jobbe med dei." (s.6).
Google Spreadsheet (som det vert kalla) har nærmast det same utvalet som Excel, då det finst nokre avgrensingar. Til dømes har ein ikkje like mange mulegheiter for å velje korleis innhaldet i ei celle oppfører seg og ser ut.
Når det gjeld utrekningar i cellene er det viktig å huske på at = teiknet skal kome før utrekninga. Du ser eit enkelt døme på biletet til venstre. Som tidligare nemnt kan du klikke på biletet for å få det større.
Elles fungerar reknearket som andre rekneark, det skal eg ikkje gå lenger innpå.
Kjelder:
Frantsen, Torbjørn (2010) Rekneark, verktyinnføring. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Til å begynne med skal du få ein link som sender deg direkte til Google rekneark: <https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=tUNDybCY6ZolSFO0HXb2Yag&hl=no#gid=0>
Det første du må gjere er å lage deg ein konto med Google. Her får du tilgang til dokument (som er godt tilrettelagt for samskriving), dette har eg erfaring med frå DKL studiet og anbefalar alle som skal drive med gruppearbeid - ein kan nemmleg arbeide med dokumentet i sanntid. Det vil seie at om du sit i Kina og eg her på Sunnmøre, så ser eg din markør og kva du skriv og du ser kva eg skriv.
Denne mulegheita har ein også med reknearket! Torbjørn Frantsen (2010) føyer til: "Ein kan
altså sanke informasjon og få den lagra i eit rekneark, som jo er den perfekte staden å
ha data lagra i forhold til å kunne organisere og jobbe med dei." (s.6).
Google Spreadsheet (som det vert kalla) har nærmast det same utvalet som Excel, då det finst nokre avgrensingar. Til dømes har ein ikkje like mange mulegheiter for å velje korleis innhaldet i ei celle oppfører seg og ser ut.Når det gjeld utrekningar i cellene er det viktig å huske på at = teiknet skal kome før utrekninga. Du ser eit enkelt døme på biletet til venstre. Som tidligare nemnt kan du klikke på biletet for å få det større.
Elles fungerar reknearket som andre rekneark, det skal eg ikkje gå lenger innpå.
Kjelder:
Frantsen, Torbjørn (2010) Rekneark, verktyinnføring. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
fredag 19. november 2010
Opphavsrett
Når ein hentar bileter frå nettet er det visse reglar ein må førehalde seg til. Åndsverksloven har mange paragrafar som hindrar oss i å velje og vrake når vi publiserar bileter vi sjølve ikkje har teke. Det kan ofte kjennes litt urettferdig - skal vi ikkje få lov til å bruke noke? Då er det viktig å huske på det som K. Antvort seier i si forelesing: "Lovene er til for å beskytte oss (personvern) og for å sørge for at vi får rimelig vederlag for vår skapende innsats (opphavsrett)" (Antvort 2010:6).
Ein skal alle tide spørje fotografen om tillating for å publisere bileta, og om der er personar i bileta skal ein også spørje dei. Den som tek bilete har rett på biletet i heile hans levetid og 15 år ette, men minst 50 år uansett kva tid personen går bort. (Åndsverkloven, 1961 §43a)
Visse unntak finst der så ein slepp å spørje dei som er fotograferte. For eksempel om bilete er av allmenn interesse, som folk som er med i 17.mai tog osv. Åndsverkloven § 45c
Men bodskapen er den at folk kan ikkje berre ta bilete av andre og publisere det offentleg. Ein kan heller ikkje publisere bilete som andre har teke - UTEN å spørje om tillating. Men har ein tillating, så er alt greit. Ver derfor forsiktig med kva du publiserar! Det er eit helgetips frå meg, god helg!
Husk å ta meiningsmålinga mi til høgre før du går!
Kjelder
Åndsverkloven (1961) Tilgjengeleg frå: <http://www.lovdata.no/all/nl-19610512-002.html> [Lasta ned: 19.11.10]
Antvort, K. (2010) Opphavsrett og personvern. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Andre kjelder (bilete)
Vattøy, B.L (2010) Paragraf uviten. Teikna i Paint, Leikong
![]() |

lørdag 6. november 2010
Lydredigering
Oppgåva får du presentert når du ser filmen. Eg brukte programmet Audacity då eg klipte lydfila. Det var litt problematisk når eg skulle klippe i midten av filmen, då det blei sagt "pause" to gangar, men etter litt perfeksjonering blei det ganske bra. Eg markerte det eg ville ta vekk, og trykte på "delete" knappen. Audacity kan lastast ned frå denne linken:< http://audacity.sourceforge.net/download/beta_windows#recdown>
Programmet er gratis. Her kan du både ta opp lydklipp, klippe og diverse.
For å kunne laste det opp her på bloggen (då ein ikkje kan laste opp lydfiler) brukte eg Windows Movie Maker til å gjere den om til ein film.
Når ein bruker lyd som pedagogisk tekst er det fleire måtar ein kan nytte det på. Ein kan lese inn
dikt, tekstar, forteljngar etc. inn på ei lydfil, som ein til dømes kan leggje ved ein tekst. I tillegg kan ein leggje på musikk for å blant anna skape stemning eller vise songar frå det bandet ein i oppgåva ville fortelje om – vala er mange. Her er det viktig å huske på å
formidle til elevane at dei songane og melodiane dei tek i bruk må vere opphavsklarerte, slik at dei
ikkje tek i bruk noko dei ikkje har rett på. Ved utføring kjem det sølvsagt an på kva elevgruppe ein
har å gjere med. Ei 4. klasse treng sjølvsagt meir rettleiing og hjelp enn ei 10. klasse. Læraren bør
vise elevane korleis ein brukar dei ulike verktya. Ikkje alle elevar er like dyktige digitalt som andre.
Kanskje ein må utføre oppgåva på skulen, der ein har alle verktya ein treng og læraren som rettleiar.
Det er ivertfall sikkert at å bruke digitale verktøy, varierar underivisinga gjer den meir spennande og utfordrar elevane på andre plan enn berre det teoretiske. Digitale verktøy opnar for bruk av fleire sansar, som då blant anna høyrsel.
Kjelder:
Karlsen, A.V. og Wølner, T.A. (2006): Den femte grunnleggende ferdighet - Portefølje og
digitale mapper - et sted for læring. Oslo. Gyldendal Akademisk
Audacity, tilgjengeleg frå: <http://audacity.sourceforge.net/> [Lasta ned: 29.10.10]

søndag 31. oktober 2010
Mappeoppgåve 2, Undervisingsopplegg og biletefilm
Vi fekk i oppgåve: Skisser eit undervisningsopplegg der elevane skal bruke bilete som hovudelement til å
svare på ei oppgåve. Deretter skulle vi lage ein biletefilm sjølv - men på studentnivå. Eg valde å leggje vekt på kulden som tema, og korleis det levande klarer i denne tida. Vi kunne ha 7-12 bilete, og eg brukte 12. Vi kunne bruke litt tekst, men ikkje lyd. Filmen er blir litt liten å sjå om du ikkje forstørrar videoen nede til venstre på den.
© Copyright. Benedicte L. Vattøy ;)

«Vi lever i et samfunn som mer og mer bruker bilder for å kommunisere» (Hildegunn Otnes, 2009:206).
© Copyright. Benedicte L. Vattøy ;)
Otnes, Hildegunn (2009): Å være digital i alle fag. Universitetsforlaget, Oslo
mandag 18. oktober 2010
Digitale bilete - motiv plassering
Mitt forsøk på å vere kreativ denne kvelden gjekk svært dårleg. Eg leitte rundt i heile huset for å finne eit motiv som eg kunne ha i denne oppgåva. Oppgåva går ut på at eg skal:
Ta eit bilete i breiddeformat der motivet er plassert på midten. Prøv deretter å plassere
motivet i høve til tredjedelsregelen. På kven av bileta kom motivet mest til sin rett?
Prøve det same med eit kvadratisk format. Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere
biletet. Vil du seie at det kvadratiske formatet endrar måten å oppfatte biletet på sett i
forhold til dei to plasseringane av hovudmotivet (midtstilling og tredjedelsregelen)?
Etter litt om og men fann eg ei lita søt skute som eg plasserte på kjøkkenbenken. Eg tok i bruk veggen der for å lettare plassere skuta på midten av biletet - sjøl om det ikkje blei 100% midtstilt.
Deretter opna eg biletet i picnik, og klipte opp biletet slik som du ser på biletet under.
Slik som Vadla og Nesset viser i sin leksjon; 1 Digital foto og 2
Bilete bilethandsaming og bilete til nett - som høgskulen min kallar DKL 101 haust 2010, plasserer dei motivet etter linjene. Ein kan sjå på biletet mitt at den loddrette lina går opp gjennom den fremsta stanga (masten). Kryssningspunktet ligg også vassrett på dekket (ikkje at eg er så god på båtnavn, men det er ikkje poenget her). Ein kan også seie at skuta blir liggande i det gylne snitt, men det er ikkje plassert korrekt nok for å kunne seie at det gjer det. Under ser du korleis bildet såg ut etter at det vart klipt.
Ved å bruke desse verkemidla skapar biletet ei slags ro for personen som ser. Sjølv følte eg at det blei eit slags "kunstnerleg" preg over biletet. Tenk at berre ei lita skute som dagleg heng på kjøleskapet, kunne bli så spenande. Det er tydelegvis mykje ein kan bruke når ein tek tak i kameraet.
Neste oppgåve var å: Bruk andre komposisjonsmessige verkemiddel for å framheve eit hovudmotiv. Kva meiner du sjølv verkar best? Begrunn/reflekter omkring svaret.
Når ein snakkar om komposisjonsmessige verkemiddel kan ein meine til dømes rørsle, kontrastar, liner (som eg fokuserte på ovanfor) og gjentaking.
Ein kan altså forandre uttrykket til biletet berre ved å snu det og/eller plassere motivet i tredjedelsvinkelen eller i andre vinklar.
Frantsen, TA (2010) H10_DKL_Bilete_1, Digitale bilete. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Picnik er tilgjengeleg frå nettsida <http://www.picnik.com/app> [18.10.10]. Her kan du også lage deg din eigen profil, og bruke bileter frå di eiga maskin, frå picasa nettalbum og andre stadar frå internett - gratis.
Picasa er tilgjengeleg frå nettsida <http://picasa.google.com/> [Lasta ned 14.10.10]
fredag 15. oktober 2010
Biletefortelling
Eg saman med resten av gruppe 9 laga denne filmen under samling 2 dag 2 om biletefortelling. Vi tok utgangspunkt i haustelva - og den levande elva.
mandag 11. oktober 2010
Plagiat - eit problem i skulen?
I dei siste åra har det vorte lagt meir og meir vekt på bruk av digitale verktøy i skulen. Dette til dømes for å utvide dei mulegheitene vi har for variert undervising, og for å auke kunnskapen til elevane innan digital kompetanse. Elevar lærar ulikt, og digitale verktøy kan dermed vere med som tilpassa opplæring, blant anna for dei elevane som synes at å jobbe med dette er mykje meir interessant enn å bruke blyant og papir.
"Opplæringa må tilpassast slik at barn og unge får smaken på den oppdagargleda som kan finnast i ny tame, praktisk arbeid, forsking eller kunst" (LK06:10).
Internettet byr på det meste, og elevar kan enkelt "google" seg inn på det emnet dei skal skrive om. Det kan vere ei freistande for elevane å bruke dei allereie skrevne oppgåvene dei finn. "Kopier" og "lim inn" er derfor ei lett løysing. Om læraren er godt kjende med elevane, kan det vere lett oppdageleg, men er ho derimot ikkje det - kan det vere vanskelegare å merke. Det finnast program ein kan bruke for å sjekke om teksten eller delar av teksten er tatt frå internett. Ephorus er eit slikt program, men det er berre demoen til dette programmet som er gratis.
Å avgjere om ein tekst er plagiert er likevel ei vanskeleg oppgåve. Ein bør ikkje avgjere det uten å vere sikker. Sjølv synes eg at det kan vere ei god metode å spørje eleven ut på etterkant, for å finne ut om han arbeida med teksten. Om det er ein lærar som ikkje er kjend med elevane, kan ein lærar som har meir erfaring med eleven også lese den.
Ein må igjen skilje mellom å hente idear frå internettet og det å plagiere. Internett kan brukast som ei kjelde til arbeida til elevane - og blir då heilt lovleg å bruke. Det handlar om å ta eit ekstra blikk over oppgåvene deira, og sjekke det for plagiat om ein er i tvil. God undervisning om bruk av kjelder og plagiat (konsekvensar) vil nok vere med på å bygge opp under denne utfordringa.
Kjelder:
UFD (2006). Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06). Oslo: Utdanningsdirektoratet [Online]. Tilgjengelig fra: < www.utdanningsdirektoratet.no/lk06> [Lastet ned: 11.10.10]
Ephorus, URL: <http://www.ephorus.no/start> [11.10.10]
"Opplæringa må tilpassast slik at barn og unge får smaken på den oppdagargleda som kan finnast i ny tame, praktisk arbeid, forsking eller kunst" (LK06:10).
Internettet byr på det meste, og elevar kan enkelt "google" seg inn på det emnet dei skal skrive om. Det kan vere ei freistande for elevane å bruke dei allereie skrevne oppgåvene dei finn. "Kopier" og "lim inn" er derfor ei lett løysing. Om læraren er godt kjende med elevane, kan det vere lett oppdageleg, men er ho derimot ikkje det - kan det vere vanskelegare å merke. Det finnast program ein kan bruke for å sjekke om teksten eller delar av teksten er tatt frå internett. Ephorus er eit slikt program, men det er berre demoen til dette programmet som er gratis.Å avgjere om ein tekst er plagiert er likevel ei vanskeleg oppgåve. Ein bør ikkje avgjere det uten å vere sikker. Sjølv synes eg at det kan vere ei god metode å spørje eleven ut på etterkant, for å finne ut om han arbeida med teksten. Om det er ein lærar som ikkje er kjend med elevane, kan ein lærar som har meir erfaring med eleven også lese den.
Ein må igjen skilje mellom å hente idear frå internettet og det å plagiere. Internett kan brukast som ei kjelde til arbeida til elevane - og blir då heilt lovleg å bruke. Det handlar om å ta eit ekstra blikk over oppgåvene deira, og sjekke det for plagiat om ein er i tvil. God undervisning om bruk av kjelder og plagiat (konsekvensar) vil nok vere med på å bygge opp under denne utfordringa.
Kjelder:
UFD (2006). Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06). Oslo: Utdanningsdirektoratet [Online]. Tilgjengelig fra: < www.utdanningsdirektoratet.no/lk06> [Lastet ned: 11.10.10]
Ephorus, URL: <http://www.ephorus.no/start> [11.10.10]
søndag 26. september 2010
Kjeldebruk
Her er øvingsoppgåve tre i digitalplattform (6,3). Vi skulle gjere den i grupper, men det vart individuelt for meg denne gongen. Det er ei øving i kjeldebruk, og eg syntes det var veldig nyttig. Alt er nok ikkje rett, så eg reknar med å bli retta litt på, og den hjelpa vil hjelpe meg vidare.
Trykk her for å kome til oppgåva.
Trykk her for å kome til oppgåva.
mandag 20. september 2010
Blogg - som dagbok, inntektskjelde og studieverktøy
Som dagleg brukar av data og internett har eg fått mange henvendingar/reklameringar på skjermen min om å sjekke ut og "følgje" ulike bloggar til kjente og ukjente. Nokre gongar har eg vore innom å lest litt, og andre gongar er det å klikke seg raskt ut igjen. Dei aller fleste bloggane eg har vore innom er sokalla "dagbøker". Der skriv dei om alt frå kvardagslege ting til personlege forhold og omstendigheiter i livet deira.
I dag er det tusenvis av slike bloggarar i Noreg, og den mest leste bloggen idag er bloggen http://voe.blogg.no/. Det er ei jente på 15 år som skriv om seg sjølv og det ho bryr seg om. Sidan denne bloggen blir lesen av hundretusenar kvar dag, er det mange som vil ha reklamene sine på denne bloggen. Dermed blir bloggen faktisk ei inntektsskjelde for denne 15-åringen. Klesbutikkar/merker gjev ho pengar/kle for at ho skal reklamere for dei. På same måte blir det gjort med sminke, sko og andre produkt. Akkurat no blir bloggen brukt som reklamering for Plan Norge, og Voe (eller Emilie som er namnet til jenta) er akkurat ankomen Afrika. Slik har Plan Norge tenkt at mange skal få sjå forholda i Afrika gjennom denne bloggen, og slik få fleire faddarar til å støtte opp om arbeidet deira for å hjelpe menneske som har det vondt.
Som tidlegare nemnt er det tusenvis av bloggbrukarar i Noreg, og ikkje alle har like mange lesarar. Bloggane blir brukt som ei "offentleg dagbok", då kanskje dei nærmaste kan få eit innblikk i kvardagen deira. Det er både positive og negative sider ved dette. All informasjon du legg ut på internett kan bli brukt av andre, derfor må ein bruke "nettvett". Vær varsam med opplysningar og bilder du gjer offentleg for andre. Kven som helst kan også skrive kommentarar til innlegga ein legg ut.

Mange blir også berre "sosiale" når dei er heime, og ikkje når dei er ute blant folk. Ein kan lage seg ein profil der ein viser kven ein har lyst å vere - ikkje kven ein er. Til dømes kan ein framstå som ein svært aktiv person som trenar kvar dag, sjølv om ein eigentleg bere sit heime ved dataen. Det er lettare for mange å kommunisere skriftleg enn munnleg. Mange har også funne kjærleik og venskap gjennom dei sosiale nettverka.
Sjølv har eg akkurat fått meg blogg, og eg kjem til å bruke den som ein studieblogg - eit studieverktøy. Her kan lærar og andre interesserte lese blogg innlegga som vil handle om emne og fag. Bloggen blir dermed ikkje brukt som ei dagbok. Det blir ei øving av å bruke digitaleverktøy og også ei øving av å skrive innlegg som ein veit at kven som helst kan lese - altså eit offentleg innlegg. Ein kan slik sett seie at bloggen blir brukt som eit verktøy for læring.
Voe's blogg er tilgjengeleg frå [20.09.10]

Voe's blogg er tilgjengeleg frå
fredag 17. september 2010
1.samling og 1.oppgåve. 16/17 sept.
Då var DKL-studiet igang, og vi har alle fått oppretta oss ein blogg. Dette semesteret går eg 2.året allmennlærar, og i tillegg går eg DKL 101 dette halvår semesteret, og DKL 102 neste halvår. DKL står for Digital kompetanse for læring, og her kjem vi til å lære oss om korleis elevane i skulen skal få eit mest muleg meiningsfullt utbytte av digitale verktøy.
Første oppgåva vår var å intervjue ein av studentane her, og spørje kvifor studenten vil bli lærar, og kvifor ho/han tek DKL-studiet.
Jannike går 4.året allmennlærar her ved høgskulen. Ho vil bli lærar fordi ho ønskjer eit variert arbeid og ulike utfordringar i kvardagen. Ho er glad i barn og unge og konkluderte derfor med at lærar var eit yrke som passa for ho. Vidare ønskjer ho å verte trygg på digitale verktøy, for å kunne bruke dette i yrket sitt, og kunne veilede og lære elevane om dette. Det at det har blitt større og større bruk for denne kompetansa i skulen, har også hatt ei innverking på val av studiet.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)