Som tidlegare nemnt er det tusenvis av bloggbrukarar i Noreg, og ikkje alle har like mange lesarar. Bloggane blir brukt som ei "offentleg dagbok", då kanskje dei nærmaste kan få eit innblikk i kvardagen deira. Det er både positive og negative sider ved dette. All informasjon du legg ut på internett kan bli brukt av andre, derfor må ein bruke "nettvett". Vær varsam med opplysningar og bilder du gjer offentleg for andre. Kven som helst kan også skrive kommentarar til innlegga ein legg ut.
Mange blir også berre "sosiale" når dei er heime, og ikkje når dei er ute blant folk. Ein kan lage seg ein profil der ein viser kven ein har lyst å vere - ikkje kven ein er. Til dømes kan ein framstå som ein svært aktiv person som trenar kvar dag, sjølv om ein eigentleg bere sit heime ved dataen. Det er lettare for mange å kommunisere skriftleg enn munnleg. Mange har også funne kjærleik og venskap gjennom dei sosiale nettverka.
Sjølv har eg akkurat fått meg blogg, og eg kjem til å bruke den som ein studieblogg - eit studieverktøy. Her kan lærar og andre interesserte lese blogg innlegga som vil handle om emne og fag. Bloggen blir dermed ikkje brukt som ei dagbok. Det blir ei øving av å bruke digitaleverktøy og også ei øving av å skrive innlegg som ein veit at kven som helst kan lese - altså eit offentleg innlegg. Ein kan slik sett seie at bloggen blir brukt som eit verktøy for læring.
Voe's blogg er tilgjengeleg frå
Interessant innlegg om bloggverktøyet! Ingen tvil om at potensialet for både positive og negative konsekvensar er stort, men det kjenneteikner kanskje dei fleste avanserte verktøy? Som digital mappe/dagbok i DKL-studiet er i alle fall bloggen til god nytte, men eg ser at det kan bli ei utfordring å vere kreativ og nyskapande nok til å skape interesse hjå andre enn seg sjølv og studierettleiar.
SvarSlett