Mitt forsøk på å vere kreativ denne kvelden gjekk svært dårleg. Eg leitte rundt i heile huset for å finne eit motiv som eg kunne ha i denne oppgåva. Oppgåva går ut på at eg skal:
Ta eit bilete i breiddeformat der motivet er plassert på midten. Prøv deretter å plassere
motivet i høve til tredjedelsregelen. På kven av bileta kom motivet mest til sin rett?
Prøve det same med eit kvadratisk format. Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere
biletet. Vil du seie at det kvadratiske formatet endrar måten å oppfatte biletet på sett i
forhold til dei to plasseringane av hovudmotivet (midtstilling og tredjedelsregelen)?
Etter litt om og men fann eg ei lita søt skute som eg plasserte på kjøkkenbenken. Eg tok i bruk veggen der for å lettare plassere skuta på midten av biletet - sjøl om det ikkje blei 100% midtstilt.
Deretter opna eg biletet i picnik, og klipte opp biletet slik som du ser på biletet under.
Slik som Vadla og Nesset viser i sin leksjon; 1 Digital foto og 2
Bilete bilethandsaming og bilete til nett - som høgskulen min kallar DKL 101 haust 2010, plasserer dei motivet etter linjene. Ein kan sjå på biletet mitt at den loddrette lina går opp gjennom den fremsta stanga (masten). Kryssningspunktet ligg også vassrett på dekket (ikkje at eg er så god på båtnavn, men det er ikkje poenget her). Ein kan også seie at skuta blir liggande i det gylne snitt, men det er ikkje plassert korrekt nok for å kunne seie at det gjer det. Under ser du korleis bildet såg ut etter at det vart klipt.
Ved å bruke desse verkemidla skapar biletet ei slags ro for personen som ser. Sjølv følte eg at det blei eit slags "kunstnerleg" preg over biletet. Tenk at berre ei lita skute som dagleg heng på kjøleskapet, kunne bli så spenande. Det er tydelegvis mykje ein kan bruke når ein tek tak i kameraet.
Neste oppgåve var å: Bruk andre komposisjonsmessige verkemiddel for å framheve eit hovudmotiv. Kva meiner du sjølv verkar best? Begrunn/reflekter omkring svaret.
Når ein snakkar om komposisjonsmessige verkemiddel kan ein meine til dømes rørsle, kontrastar, liner (som eg fokuserte på ovanfor) og gjentaking.
Ein kan altså forandre uttrykket til biletet berre ved å snu det og/eller plassere motivet i tredjedelsvinkelen eller i andre vinklar.
Frantsen, TA (2010) H10_DKL_Bilete_1, Digitale bilete. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Picnik er tilgjengeleg frå nettsida <http://www.picnik.com/app> [18.10.10]. Her kan du også lage deg din eigen profil, og bruke bileter frå di eiga maskin, frå picasa nettalbum og andre stadar frå internett - gratis.
Picasa er tilgjengeleg frå nettsida <http://picasa.google.com/> [Lasta ned 14.10.10]

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar