søndag 21. november 2010

Rekneark for fattige studentar

I det eg las leksjonen til Torbjørn Frantsen byrja eg med det same å tenkje på at dette ikkje kunne vere godt for økonomien. Eg har ikkje Microsoft Office sine digitale verkty som word og då også excel. Eg ønskjer meg det til jul, men ein kan aldri vite kva som blir liggande under treet. Men etter å ha lest litt vidare så kom eg over Google sine rekneark, som er GRATIS! Som student er "gratis" mitt absolutte favorittord! Ekte sunnmøring, ja eg veit det. Men for å kome til poenget så skal eg fortellje litt om, nærmast reklamere litt for, reknearket til Google.

Til å begynne med skal du få ein link som sender deg direkte til Google rekneark: <https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=tUNDybCY6ZolSFO0HXb2Yag&hl=no#gid=0>
Det første du må gjere er å lage deg ein konto med Google. Her får du tilgang til dokument (som er godt tilrettelagt for samskriving), dette har eg erfaring med frå DKL studiet og anbefalar alle som skal drive med gruppearbeid - ein kan nemmleg arbeide med dokumentet i sanntid. Det vil seie at om du sit i Kina og eg her på Sunnmøre, så ser eg din markør og kva du skriv og du ser kva eg skriv.

Denne mulegheita har ein også med reknearket! Torbjørn Frantsen (2010) føyer til: "Ein kan
altså sanke informasjon og få den lagra i eit rekneark, som jo er den perfekte staden å
ha data lagra i forhold til å kunne organisere og jobbe med dei." (s.6).

Google Spreadsheet (som det vert kalla) har nærmast det same utvalet som Excel, då det finst nokre avgrensingar. Til dømes har ein ikkje like mange mulegheiter for å velje korleis innhaldet i ei celle oppfører seg og ser ut.

Når det gjeld utrekningar i cellene er det viktig å huske på at = teiknet skal kome før utrekninga. Du ser eit enkelt døme på biletet til venstre. Som tidligare nemnt kan du klikke på biletet for å få det større.

Elles fungerar reknearket som andre rekneark, det skal eg ikkje gå lenger innpå.


Kjelder:
Frantsen, Torbjørn (2010) Rekneark, verktyinnføring. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar