mandag 11. oktober 2010

Plagiat - eit problem i skulen?

I dei siste åra har det vorte lagt meir og meir vekt på bruk av digitale verktøy i skulen. Dette til dømes for å utvide dei mulegheitene vi har for variert undervising, og for å auke kunnskapen til elevane innan digital kompetanse. Elevar lærar ulikt, og digitale verktøy kan dermed vere med som tilpassa opplæring, blant anna for dei elevane som synes at å jobbe med dette er mykje meir interessant enn å bruke blyant og papir.
"Opplæringa må tilpassast slik at barn og unge får smaken på den oppdagargleda som kan finnast i ny tame, praktisk arbeid, forsking eller kunst" (LK06:10).

Internettet byr på det meste, og elevar kan enkelt "google" seg inn på det emnet dei skal skrive om. Det kan vere ei freistande for elevane å bruke dei allereie skrevne oppgåvene dei finn. "Kopier" og "lim inn" er derfor ei lett løysing. Om læraren er godt kjende med elevane, kan det vere lett oppdageleg, men er ho derimot ikkje det - kan det vere vanskelegare å merke. Det finnast program ein kan bruke for å sjekke om teksten eller delar av teksten er tatt frå internett. Ephorus er eit slikt program, men det er berre demoen til dette programmet som er gratis.

Å avgjere om ein tekst er plagiert er likevel ei vanskeleg oppgåve. Ein bør ikkje avgjere det uten å vere sikker. Sjølv synes eg at det kan vere ei god metode å spørje eleven ut på etterkant, for å finne ut om han arbeida med teksten. Om det er ein lærar som ikkje er kjend med elevane, kan ein lærar som har meir erfaring med eleven også lese den.

Ein må igjen skilje mellom å hente idear frå internettet og det å plagiere. Internett kan brukast som ei kjelde til arbeida til elevane - og blir då heilt lovleg å bruke. Det handlar om å ta eit ekstra blikk over oppgåvene deira, og sjekke det for plagiat om ein er i tvil. God undervisning om bruk av kjelder og plagiat (konsekvensar) vil nok vere med på å bygge opp under denne utfordringa.




Kjelder:
UFD (2006). Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06). Oslo: Utdanningsdirektoratet [Online]. Tilgjengelig fra: < www.utdanningsdirektoratet.no/lk06> [Lastet ned: 11.10.10]
Ephorus, URL: <http://www.ephorus.no/start> [11.10.10]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar