fredag 4. mars 2011

Google Earth/Maps i undervisinga

Under samling 2 i DKL102 fekk vi i oppgåve å lage eit undervisingsopplegg der vi skulle ta i bruk Google Earth eller Google Maps for å gi undervisingsopplegget meirverdi. Vi i gruppe 9 valte å ta i bruk faget Naturfag. Elevane skal gå på tur i Ulsteinvik opp til eit vatten - gjennom V-dalen. Dei skulle på førehand planleggje turen sin med å lage ein sti med dei tidlegare nemnde verktya. På turen skal dei dokumentere det dei ser skriftleg og med bilete/video. Kusumre er blomsteren dei skal særleg sjå etter. Kraftverket opp med "Lisjevatnet" skal også undersøkast. Bilete og informasjon dei får tak i skal "geo-taggast" på Google Maps. Her er ein link til ei slags løysing vi har byrja så vidt på. Du kan også sjå det på biletet ovanfor.

Vi ser at Google Earth/Maps gir meirverdi ved at dei får ei oversikt over terrenget før dei tek turen, dei får planleggje den i førevegen, dei kan dokumentere det i ettertid og presentere det dei har funne til resten av klassa visuelt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar