Som 7 eller 6.klassing fekk eg meg min første mobiltelefon, og etter dette har utviklinga gått i ei rasande fart. Til saman har eg hatt 7-8 telefonar på berre 9 år! Eg har hatt to eigne laptopar, samtidig som heimen har hatt opptil fleire stasjonærar. Frå å vere tolmodig ventar på at datamasking skal arbeide med å kome seg inn på ulike sider, eller laste ned ulike program, har eg blitt utolmodig. Det bør gå rimelig raskt om eg ikkje skal bli irritert, noko som er rart - for det er ikkje mange andre ting eg blir utålmodig av."Framveksten av stadig nye medier har nærmest blitt en normaltilstand i vår kultur. Dermed har det å lære seg å håndtere nye medier og kommunikasjonsformer også blitt en kontinuerlig prosess som faller "naturlig" for den generasjonen som vokser opp ved inngangen til ett nytt årtusen" (Tønnesen, 2007:27)
Dette er noko som eg har oppleve sterkt i dei seinare tider - den forskjellen det er på meg og til dømes foreldra mine. Dei spør meg ofte om råd og hjelp til å handtere ulike program på dataen. Det kan vere eit program eg ikkje har brukt før, men likevel er det ingen sak å hjelpe dei berre med å få eit raskt overblikk over korleis det fungerar. Generasjon.com har lært seg det meste med dataen berre ved å finne fram sjølve, utan å bruke hjelp frå videoar på youtube eller lese bruksanvisningar. Dette er det dei som ikkje har lært seg slit ekstra med, dei er redde for å trykke på knappar som kan øydeleggje for dei, medan vi veit korleis vi kan kome oss tilbake til utgangspunktet om det blir gjort ein feil. Om ein så må trå til med å trykkje på "System gjenoppretting", "angre" eller at der er andre løysingar.
Sjølv bruker eg internett til å finne ut av både små og store spørsmål eg har. Når eg les pensum, og om der er eit ord eg ikkje skjønar - har eg som regel dataen ved sidan av, og berre ved å skrive det inn på google, vil wikipedia eller andre informasjonssider dukke opp og forklare omgrepet på ein enkel og tilfredsstillande måte.
Som sagt i tidlegare blogginnlegg, fungar også internetten til å fremje det "sosiale liv". Datamaskina og internetten er allsidig, og blir dermed brukt til det aller meste som føregår i liva til mange unge. Å skrive oppgåver på datamaskina går også kanskje 5-10 gongar raskare, dessutan ser det meir oversiktleg og penare ut.
Det er ein forskjel blant folk no på denne tida, og det er viktig å hengje med som lærar på den utviklinga innan det digitale til elevane. Ein må berre ta seg tid til å finne ut av korleis ein skal bruke det, og som tidlegare nemnt har youtube videoar som kan forklare frå dei enklaste til dei meir vanskelege ting.
Eg lurer på korleis livet mitt hadde vore utan data og mobiltelefon... Eg er glad eg slepp å tenkje noko meir på det.
Kjelder:
Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo,
Universitetstforlaget.
Andre kjelder:
Bilete henta frå: Hardware.no [Internett] Tilgjengeleg frå: <http://www.hardware.no/artikler/jon_vil_ha_datamaskin_uten_operativsystem/69617> [Lasta ned: 14.02.11]
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar