søndag 27. mars 2011

Informasjonskompetanse

Det store norske leksikon definerar omgrepet informasjonskompetanse: "...en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen".

Eg har ikkje mykje praksis som lærar, berre nokre få vikartimar, i tillegg til at eg har vore i praksis 13 veker tilsaman. Men eg har nærmast heile livet vore elev sjølv, og eg har sjølv opplevd korleis ein "bør" ta i bruk kjelder når ein skriv fagtekstar etc.

Det har ikkje vore faste rammer rundt dette med kjeldetilvising frå dei lærarane eg har hatt tidlegare. Dette gjer det vanskeleg for dei elevane som ikkje har dette "filteret" innebygd, som kan hjelpe dei med kva som er dugeleg informasjon og kva som ikkje er det. Andre utfordringar er å unngå å ta "snarvegar" ved å kopiere og lime inn i tekst utan å henvise til kjelder. Dette blir oftast fort oppdaga, då lærarane kjenner elevane godt nok til å kunne tvile på om eleven har skrive det, og finne ut av det.

Tord Høvik snakkar om at lærarane krev for mykje av elevane, og eg meinar han har mykje rett i dette. Elevane burde få tilrettelagt til dømes linkar til sider eller bøker dei skal hente informasjon frå, særskilt i byrjinga. Deretter ha ei naturleg utvikling av utviding området dei kan hente informasjon frå. Elevane må lære korleis ein bruker kjelder, det er ikkje noko ein kan forvente at dei skal kunne frå før.

Ang.kjeldetilvising er ei anna viktig føresetning at lærarane har dei same forventingane til oppsett og utsjånad. Det skapar forvirring om dei har ulike meiningar om dette. Dette kjennar eg igjen til og med på Høgskulen. Lærarane må ha felles rammer, for å gje elevane betre opplæring og kompetanse i å ta i bruk informasjon.


Kjelder:
Erdal, Ivar John (2011) Informasjonskompetanse. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar