Då eg var i praksis opplevde eg at det var fleire mulegheiter å ta i bruk datamaskinene til, og eg vil dele nokre av dei erfaringane eg såg datamaskinene blei nytta til.
I byrjaropplæringa, er det mange elevar som slit med det skriftlege språket, og stor og liten bokstav blir det ofte kaos om. Når elevane fekk skrive på data, viste vi dei kvar "Caps Lock" knappen var, og medan dei trykte på dei store bokstavane, fekk dei sjå korleis dei små såg ut. Dessutan fekk dei som ikkje hadde finmotorikken inne, skrive dei utan å måtte tenkje over dette. Elevane skreiv også med "hemmeleg skrift", der dei fekk skrive bokstavane og føle glede over skriving. Dei visste ikkje kva dei skreiv, og det var ikkje det som var poenget her - skriveglede var målet. Glade vart vi for dei som kom og ville sjå saman med lærar om der var nokon "ordentlege" ord i teksten.
To elevar som trengde spesial undervising i lesing brukte lydopptak som hjelpemiddel. Dei fekk tekstar å øve på heime, så las ein og ein teksten inn på lydopptak på datamaskin og fekk sjølve høyre etter korleis dei las. Dei fekk høyre kvar det ikkje var samanheng, og kvar dei ville gjere det annleis. Digitale hjelpemiddel gav desse to meirverdi på denne måten, utan det kunne dei ikkje høyre seg sjølve som lesarar. Lærar trengde ikkje gje tilbakemeldingar, men elevane høyrde sjølve kvar det ikkje stemde. Dei var også stolte av å kunne lagre dei beste lydklippa i sine eigne digitale mapper på dataen, og kunne følgje med framgongen sin.
Som tilpassa opplæring kan datamaskiner vere med som ein ressurs, berre læraren er obs på alle dei mulegheitene ein har.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar