mandag 14. februar 2011

Generasjon.com

Tønnesen (2007) omtalar ein generasjon som blir kalla "generasjon.com", eller "sesam generasjonen". Det er den generasjonen som såg Sesam Stasjon i førskulealderen, og som var avgangselevar i 2008/2009 frå vidaregåande skule. Dette betyr at eg er ein av dei som tilhøyrar denne generasjonen. Vi har vakse opp saman med den store medieutviklinga, og den har blitt ein naturleg del av vor kvardag.

Som 7 eller 6.klassing fekk eg meg min første mobiltelefon, og etter dette har utviklinga gått i ei rasande fart. Til saman har eg hatt 7-8 telefonar på berre 9 år! Eg har hatt to eigne laptopar, samtidig som heimen har hatt opptil fleire stasjonærar. Frå å vere tolmodig ventar på at datamasking skal arbeide med å kome seg inn på ulike sider, eller laste ned ulike program, har eg blitt utolmodig. Det bør gå rimelig raskt om eg ikkje skal bli irritert, noko som er rart - for det er ikkje mange andre ting eg blir utålmodig av.

"Framveksten av stadig nye medier har nærmest blitt en normaltilstand i vår kultur. Dermed har det å lære seg å håndtere nye medier og kommunikasjonsformer også blitt en kontinuerlig prosess som faller "naturlig" for den generasjonen som vokser opp ved inngangen til ett nytt årtusen" (Tønnesen, 2007:27)

Dette er noko som eg har oppleve sterkt i dei seinare tider - den forskjellen det er på meg og til dømes foreldra mine. Dei spør meg ofte om råd og hjelp til å handtere ulike program på dataen. Det kan vere eit program eg ikkje har brukt før, men likevel er det ingen sak å hjelpe dei berre med å få eit raskt overblikk over korleis det fungerar. Generasjon.com har lært seg det meste med dataen berre ved å finne fram sjølve, utan å bruke hjelp frå videoar på youtube eller lese bruksanvisningar. Dette er det dei som ikkje har lært seg slit ekstra med, dei er redde for å trykke på knappar som kan øydeleggje for dei, medan vi veit korleis vi kan kome oss tilbake til utgangspunktet om det blir gjort ein feil. Om ein så må trå til med å trykkje på "System gjenoppretting", "angre" eller at der er andre løysingar.

Sjølv bruker eg internett til å finne ut av både små og store spørsmål eg har. Når eg les pensum, og om der er eit ord eg ikkje skjønar - har eg som regel dataen ved sidan av, og berre ved å skrive det inn på google, vil wikipedia eller andre informasjonssider dukke opp og forklare omgrepet på ein enkel og tilfredsstillande måte.

Som sagt i tidlegare blogginnlegg, fungar også internetten til å fremje det "sosiale liv". Datamaskina og internetten er allsidig, og blir dermed brukt til det aller meste som føregår i liva til mange unge. Å skrive oppgåver på datamaskina går også kanskje 5-10 gongar raskare, dessutan ser det meir oversiktleg og penare ut.

Det er ein forskjel blant folk no på denne tida, og det er viktig å hengje med som lærar på den utviklinga innan det digitale til elevane. Ein må berre ta seg tid til å finne ut av korleis ein skal bruke det, og som tidlegare nemnt har youtube videoar som kan forklare frå dei enklaste til dei meir vanskelege ting.

Eg lurer på korleis livet mitt hadde vore utan data og mobiltelefon... Eg er glad eg slepp å tenkje noko meir på det.

Kjelder:


Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo,
Universitetstforlaget.

Andre kjelder:
Bilete henta frå: Hardware.no [Internett] Tilgjengeleg frå: <http://www.hardware.no/artikler/jon_vil_ha_datamaskin_uten_operativsystem/69617> [Lasta ned: 14.02.11]

søndag 13. februar 2011

IKT som ressurs i tilpassa opplæring

Den norske skulen i dag får meir og meir tilgang til datamaskiner og andre digitale verkty. Det som er problemet hos mange skular i dag, er at dei ikkje blir nok nytta. Dette kan det vere mange årsakar til, men ei av dei som går igjen er at lærarane ikkje veit korleis dei kan nytte dei på ein måte som gir meirverdi i undervisinga.

Då eg var i praksis opplevde eg at det var fleire mulegheiter å ta i bruk datamaskinene til, og eg vil dele nokre av dei erfaringane eg såg datamaskinene blei nytta til.

I byrjaropplæringa, er det mange elevar som slit med det skriftlege språket, og stor og liten bokstav blir det ofte kaos om. Når elevane fekk skrive på data, viste vi dei kvar "Caps Lock" knappen var, og medan dei trykte på dei store bokstavane, fekk dei sjå korleis dei små såg ut. Dessutan fekk dei som ikkje hadde finmotorikken inne, skrive dei utan å måtte tenkje over dette. Elevane skreiv også med "hemmeleg skrift", der dei fekk skrive bokstavane og føle glede over skriving. Dei visste ikkje kva dei skreiv, og det var ikkje det som var poenget her - skriveglede var målet. Glade vart vi for dei som kom og ville sjå saman med lærar om der var nokon "ordentlege" ord i teksten.

To elevar som trengde spesial undervising i lesing brukte lydopptak som hjelpemiddel. Dei fekk tekstar å øve på heime, så las ein og ein teksten inn på lydopptak på datamaskin og fekk sjølve høyre etter korleis dei las. Dei fekk høyre kvar det ikkje var samanheng, og kvar dei ville gjere det annleis. Digitale hjelpemiddel gav desse to meirverdi på denne måten, utan det kunne dei ikkje høyre seg sjølve som lesarar. Lærar trengde ikkje gje tilbakemeldingar, men elevane høyrde sjølve kvar det ikkje stemde. Dei var også stolte av å kunne lagre dei beste lydklippa i sine eigne digitale mapper på dataen, og kunne følgje med framgongen sin.

Som tilpassa opplæring kan datamaskiner vere med som ein ressurs, berre læraren er obs på alle dei mulegheitene ein har.



onsdag 2. februar 2011

Samansette tekstar

Det er i dag muleg å lage samansatte tekstar enklare enn nokon gong, ved å bruke bilete, tekst og lyd på same tid! Til høgre ser du eit bilete laga i programmet "Comic Life", eit program ein kan laste ned frå denne sida. Her får ein laste ned programmet og behalde det gratis i 30 dagar, før ein må betale for lisensen. Med dette programmet er det lett å lage teikneseriestriper. Som er samansette tekstar, bilete og tekst.

Det meste av det vi les er samansette tekstar, både i aviser, nettaviser, sosiale medier, studentbloggar etc. Dette kan vere med å gjere lesinga lettare, ein treng ikkje berre sjå føre seg men også få teksta visualisert. Dette er absolutt noko ein må ta seg nytte av i skulen. Tekstar og emne elevane kan synes er kjedeleg kan ein muntre opp med bilete, video og film! Her har ein utallige mulegheiter!







Biletet til venstre er eit av mine favorittar, det er då altså bestevenninna mi som heiter Sunniva, og eg skal då forestille den grisen du ser. Om biletet ikkje hadde teksten, hadde ikkje bodskapen kome fram på same vis.
Teksten aleine hadde heller ikkje kunne formidla bodskapen aleine.






Kjelder

Antvort. K og Sæterås K, (2011) Samensatte tekstar. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i
LMS

Comic Life, Tilgjengeleg frå: <http://plasq.com/products/comiclife/win> [Lasta ned 02.02.2011]