søndag 21. november 2010

Rekneark for fattige studentar

I det eg las leksjonen til Torbjørn Frantsen byrja eg med det same å tenkje på at dette ikkje kunne vere godt for økonomien. Eg har ikkje Microsoft Office sine digitale verkty som word og då også excel. Eg ønskjer meg det til jul, men ein kan aldri vite kva som blir liggande under treet. Men etter å ha lest litt vidare så kom eg over Google sine rekneark, som er GRATIS! Som student er "gratis" mitt absolutte favorittord! Ekte sunnmøring, ja eg veit det. Men for å kome til poenget så skal eg fortellje litt om, nærmast reklamere litt for, reknearket til Google.

Til å begynne med skal du få ein link som sender deg direkte til Google rekneark: <https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=tUNDybCY6ZolSFO0HXb2Yag&hl=no#gid=0>
Det første du må gjere er å lage deg ein konto med Google. Her får du tilgang til dokument (som er godt tilrettelagt for samskriving), dette har eg erfaring med frå DKL studiet og anbefalar alle som skal drive med gruppearbeid - ein kan nemmleg arbeide med dokumentet i sanntid. Det vil seie at om du sit i Kina og eg her på Sunnmøre, så ser eg din markør og kva du skriv og du ser kva eg skriv.

Denne mulegheita har ein også med reknearket! Torbjørn Frantsen (2010) føyer til: "Ein kan
altså sanke informasjon og få den lagra i eit rekneark, som jo er den perfekte staden å
ha data lagra i forhold til å kunne organisere og jobbe med dei." (s.6).

Google Spreadsheet (som det vert kalla) har nærmast det same utvalet som Excel, då det finst nokre avgrensingar. Til dømes har ein ikkje like mange mulegheiter for å velje korleis innhaldet i ei celle oppfører seg og ser ut.

Når det gjeld utrekningar i cellene er det viktig å huske på at = teiknet skal kome før utrekninga. Du ser eit enkelt døme på biletet til venstre. Som tidligare nemnt kan du klikke på biletet for å få det større.

Elles fungerar reknearket som andre rekneark, det skal eg ikkje gå lenger innpå.


Kjelder:
Frantsen, Torbjørn (2010) Rekneark, verktyinnføring. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS

fredag 19. november 2010

Opphavsrett

Når ein hentar bileter frå nettet er det visse reglar ein må førehalde seg til. Åndsverksloven har mange paragrafar som hindrar oss i å velje og vrake når vi publiserar bileter vi sjølve ikkje har teke. Det kan ofte kjennes litt urettferdig - skal vi ikkje få lov til å bruke noke? Då er det viktig å huske på det som K. Antvort seier i si forelesing: "Lovene er til for å beskytte oss (personvern) og for å sørge for at vi får rimelig vederlag for vår skapende innsats (opphavsrett)" (Antvort 2010:6).


Ein skal alle tide spørje fotografen om tillating for å publisere bileta, og om der er personar i bileta skal ein også spørje dei. Den som tek bilete har rett på biletet i heile hans levetid og 15 år ette, men minst 50 år uansett kva tid personen går bort. (Åndsverkloven, 1961 §43a)

Visse unntak finst der så ein slepp å spørje dei som er fotograferte. For eksempel om bilete er av allmenn interesse, som folk som er med i 17.mai tog osv. Åndsverkloven § 45c

Men bodskapen er den at folk kan ikkje berre ta bilete av andre og publisere det offentleg. Ein kan heller ikkje publisere bilete som andre har teke - UTEN å spørje om tillating. Men har ein tillating, så er alt greit. Ver derfor forsiktig med kva du publiserar! Det er eit helgetips frå meg, god helg!

Husk å ta meiningsmålinga mi til høgre før du går!


Kjelder
Åndsverkloven (1961) Tilgjengeleg frå: <http://www.lovdata.no/all/nl-19610512-002.html> [Lasta ned: 19.11.10]
Antvort, K. (2010) Opphavsrett og personvern. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Andre kjelder (bilete)
Vattøy, B.L (2010) Paragraf uviten. Teikna i Paint, Leikong

lørdag 6. november 2010

Lydredigering

Oppgåva får du presentert når du ser filmen. Eg brukte programmet Audacity då eg klipte lydfila. Det var litt problematisk når eg skulle klippe i midten av filmen, då det blei sagt "pause" to gangar, men etter litt perfeksjonering blei det ganske bra. Eg markerte det eg ville ta vekk, og trykte på "delete" knappen. Audacity kan lastast ned frå denne linken:< http://audacity.sourceforge.net/download/beta_windows#recdown>
Programmet er gratis. Her kan du både ta opp lydklipp, klippe og diverse.
For å kunne laste det opp her på bloggen (då ein ikkje kan laste opp lydfiler) brukte eg Windows Movie Maker til å gjere den om til ein film.


Når ein bruker lyd som pedagogisk tekst er det fleire måtar ein kan nytte det på. Ein kan lese inn
dikt, tekstar, forteljngar etc. inn på ei lydfil, som ein til dømes kan leggje ved ein tekst. I tillegg kan ein leggje på musikk for å blant anna skape stemning eller vise songar frå det bandet ein i oppgåva ville fortelje om – vala er mange. Her er det viktig å huske på å
formidle til elevane at dei songane og melodiane dei tek i bruk må vere opphavsklarerte, slik at dei
ikkje tek i bruk noko dei ikkje har rett på. Ved utføring kjem det sølvsagt an på kva elevgruppe ein
har å gjere med. Ei 4. klasse treng sjølvsagt meir rettleiing og hjelp enn ei 10. klasse. Læraren bør
vise elevane korleis ein brukar dei ulike verktya. Ikkje alle elevar er like dyktige digitalt som andre.
Kanskje ein må utføre oppgåva på skulen, der ein har alle verktya ein treng og læraren som rettleiar.

Det er ivertfall sikkert at å bruke digitale verktøy, varierar underivisinga gjer den meir spennande og utfordrar elevane på andre plan enn berre det teoretiske. Digitale verktøy opnar for bruk av fleire sansar, som då blant anna høyrsel.

Kjelder:

Karlsen, A.V. og Wølner, T.A. (2006): Den femte grunnleggende ferdighet - Portefølje og
digitale mapper - et sted for læring. Oslo. Gyldendal Akademisk

Audacity, tilgjengeleg frå: <http://audacity.sourceforge.net/> [Lasta ned: 29.10.10]