søndag 31. oktober 2010

Mappeoppgåve 2, Undervisingsopplegg og biletefilm

Vi fekk i oppgåve: Skisser eit undervisningsopplegg der elevane skal bruke bilete som hovudelement til å
svare på ei oppgåve. Deretter skulle vi lage ein biletefilm sjølv - men på studentnivå. Eg valde å leggje vekt på kulden som tema, og korleis det levande klarer i denne tida. Vi kunne ha 7-12 bilete, og eg brukte 12. Vi kunne bruke litt tekst, men ikkje lyd. Filmen er blir litt liten å sjå om du ikkje forstørrar videoen nede til venstre på den.

«Vi lever i et samfunn som mer og mer bruker bilder for å kommunisere» (Hildegunn Otnes, 2009:206).


© Copyright. Benedicte L. Vattøy ;)

Otnes, Hildegunn (2009): Å være digital i alle fag. Universitetsforlaget, Oslo

mandag 18. oktober 2010

Digitale bilete - motiv plassering




Mitt forsøk på å vere kreativ denne kvelden gjekk svært dårleg. Eg leitte rundt i heile huset for å finne eit motiv som eg kunne ha i denne oppgåva. Oppgåva går ut på at eg skal:
Ta eit bilete i breiddeformat der motivet er plassert på midten. Prøv deretter å plassere
motivet i høve til tredjedelsregelen. På kven av bileta kom motivet mest til sin rett?
Prøve det same med eit kvadratisk format. Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere
biletet. Vil du seie at det kvadratiske formatet endrar måten å oppfatte biletet på sett i
forhold til dei to plasseringane av hovudmotivet (midtstilling og tredjedelsregelen)?

Etter litt om og men fann eg ei lita søt skute som eg plasserte på kjøkkenbenken. Eg tok i bruk veggen der for å lettare plassere skuta på midten av biletet - sjøl om det ikkje blei 100% midtstilt.
Deretter opna eg biletet i picnik, og klipte opp biletet slik som du ser på biletet under.

Slik som Vadla og Nesset viser i sin leksjon; 1 Digital foto og 2
Bilete bilethandsaming og bilete til nett - som høgskulen min kallar DKL 101 haust 2010, plasserer dei motivet etter linjene. Ein kan sjå på biletet mitt at den loddrette lina går opp gjennom den fremsta stanga (masten). Kryssningspunktet ligg også vassrett på dekket (ikkje at eg er så god på båtnavn, men det er ikkje poenget her). Ein kan også seie at skuta blir liggande i det gylne snitt, men det er ikkje plassert korrekt nok for å kunne seie at det gjer det. Under ser du korleis bildet såg ut etter at det vart klipt.



Ved å bruke desse verkemidla skapar biletet ei slags ro for personen som ser. Sjølv følte eg at det blei eit slags "kunstnerleg" preg over biletet. Tenk at berre ei lita skute som dagleg heng på kjøleskapet, kunne bli så spenande. Det er tydelegvis mykje ein kan bruke når ein tek tak i kameraet.

Neste oppgåve var å: Bruk andre komposisjonsmessige verkemiddel for å framheve eit hovudmotiv. Kva meiner du sjølv verkar best? Begrunn/reflekter omkring svaret.

Når ein snakkar om komposisjonsmessige verkemiddel kan ein meine til dømes rørsle, kontrastar, liner (som eg fokuserte på ovanfor) og gjentaking.


Som komposisjonsmessige verkemiddel valte eg å bruke rørsle og diagonale liner. Bildet er snudd på skrå med hjelp av Picasa 3. Og det kan sjå ut som om at skuta vil fare framover pga at ein er van med at ei skute  flyt når det går "nedover". Dei diagonale linene både på beggen og benklina framhevar dette.

Ein kan altså forandre uttrykket til biletet berre ved å snu det og/eller plassere motivet i tredjedelsvinkelen eller i andre vinklar.


Frantsen, TA (2010) H10_DKL_Bilete_1, Digitale bilete. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS
Picnik er tilgjengeleg frå nettsida <http://www.picnik.com/app> [18.10.10]. Her kan du også lage deg din eigen profil, og bruke bileter frå di eiga maskin, frå picasa nettalbum og andre stadar frå internett - gratis.
Picasa er tilgjengeleg frå nettsida <http://picasa.google.com/> [Lasta ned 14.10.10]

fredag 15. oktober 2010

Biletefortelling

Eg saman med resten av gruppe 9 laga denne filmen under samling 2 dag 2 om biletefortelling. Vi tok utgangspunkt i haustelva - og den levande elva. 

mandag 11. oktober 2010

Plagiat - eit problem i skulen?

I dei siste åra har det vorte lagt meir og meir vekt på bruk av digitale verktøy i skulen. Dette til dømes for å utvide dei mulegheitene vi har for variert undervising, og for å auke kunnskapen til elevane innan digital kompetanse. Elevar lærar ulikt, og digitale verktøy kan dermed vere med som tilpassa opplæring, blant anna for dei elevane som synes at å jobbe med dette er mykje meir interessant enn å bruke blyant og papir.
"Opplæringa må tilpassast slik at barn og unge får smaken på den oppdagargleda som kan finnast i ny tame, praktisk arbeid, forsking eller kunst" (LK06:10).

Internettet byr på det meste, og elevar kan enkelt "google" seg inn på det emnet dei skal skrive om. Det kan vere ei freistande for elevane å bruke dei allereie skrevne oppgåvene dei finn. "Kopier" og "lim inn" er derfor ei lett løysing. Om læraren er godt kjende med elevane, kan det vere lett oppdageleg, men er ho derimot ikkje det - kan det vere vanskelegare å merke. Det finnast program ein kan bruke for å sjekke om teksten eller delar av teksten er tatt frå internett. Ephorus er eit slikt program, men det er berre demoen til dette programmet som er gratis.

Å avgjere om ein tekst er plagiert er likevel ei vanskeleg oppgåve. Ein bør ikkje avgjere det uten å vere sikker. Sjølv synes eg at det kan vere ei god metode å spørje eleven ut på etterkant, for å finne ut om han arbeida med teksten. Om det er ein lærar som ikkje er kjend med elevane, kan ein lærar som har meir erfaring med eleven også lese den.

Ein må igjen skilje mellom å hente idear frå internettet og det å plagiere. Internett kan brukast som ei kjelde til arbeida til elevane - og blir då heilt lovleg å bruke. Det handlar om å ta eit ekstra blikk over oppgåvene deira, og sjekke det for plagiat om ein er i tvil. God undervisning om bruk av kjelder og plagiat (konsekvensar) vil nok vere med på å bygge opp under denne utfordringa.




Kjelder:
UFD (2006). Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06). Oslo: Utdanningsdirektoratet [Online]. Tilgjengelig fra: < www.utdanningsdirektoratet.no/lk06> [Lastet ned: 11.10.10]
Ephorus, URL: <http://www.ephorus.no/start> [11.10.10]