Då var DKL-studiet igang, og vi har alle fått oppretta oss ein blogg. Dette semesteret går eg 2.året allmennlærar, og i tillegg går eg DKL 101 dette halvår semesteret, og DKL 102 neste halvår. DKL står for Digital kompetanse for læring, og her kjem vi til å lære oss om korleis elevane i skulen skal få eit mest muleg meiningsfullt utbytte av digitale verktøy.
Første oppgåva vår var å intervjue ein av studentane her, og spørje kvifor studenten vil bli lærar, og kvifor ho/han tek DKL-studiet.
Jannike går 4.året allmennlærar her ved høgskulen. Ho vil bli lærar fordi ho ønskjer eit variert arbeid og ulike utfordringar i kvardagen. Ho er glad i barn og unge og konkluderte derfor med at lærar var eit yrke som passa for ho. Vidare ønskjer ho å verte trygg på digitale verktøy, for å kunne bruke dette i yrket sitt, og kunne veilede og lære elevane om dette. Det at det har blitt større og større bruk for denne kompetansa i skulen, har også hatt ei innverking på val av studiet.
Kjempe bra Benedicte! :)
SvarSlettHåper du kom deg fint hjem?
Takk Tine :) Ja, det gjorde ej! Du også? Godt å kome heim no kan ej tenke mej. God helg! :)
SvarSlett