Her er øvingsoppgåve tre i digitalplattform (6,3). Vi skulle gjere den i grupper, men det vart individuelt for meg denne gongen. Det er ei øving i kjeldebruk, og eg syntes det var veldig nyttig. Alt er nok ikkje rett, så eg reknar med å bli retta litt på, og den hjelpa vil hjelpe meg vidare.
Trykk her for å kome til oppgåva.
søndag 26. september 2010
mandag 20. september 2010
Blogg - som dagbok, inntektskjelde og studieverktøy
Som dagleg brukar av data og internett har eg fått mange henvendingar/reklameringar på skjermen min om å sjekke ut og "følgje" ulike bloggar til kjente og ukjente. Nokre gongar har eg vore innom å lest litt, og andre gongar er det å klikke seg raskt ut igjen. Dei aller fleste bloggane eg har vore innom er sokalla "dagbøker". Der skriv dei om alt frå kvardagslege ting til personlege forhold og omstendigheiter i livet deira.
I dag er det tusenvis av slike bloggarar i Noreg, og den mest leste bloggen idag er bloggen http://voe.blogg.no/. Det er ei jente på 15 år som skriv om seg sjølv og det ho bryr seg om. Sidan denne bloggen blir lesen av hundretusenar kvar dag, er det mange som vil ha reklamene sine på denne bloggen. Dermed blir bloggen faktisk ei inntektsskjelde for denne 15-åringen. Klesbutikkar/merker gjev ho pengar/kle for at ho skal reklamere for dei. På same måte blir det gjort med sminke, sko og andre produkt. Akkurat no blir bloggen brukt som reklamering for Plan Norge, og Voe (eller Emilie som er namnet til jenta) er akkurat ankomen Afrika. Slik har Plan Norge tenkt at mange skal få sjå forholda i Afrika gjennom denne bloggen, og slik få fleire faddarar til å støtte opp om arbeidet deira for å hjelpe menneske som har det vondt.
Som tidlegare nemnt er det tusenvis av bloggbrukarar i Noreg, og ikkje alle har like mange lesarar. Bloggane blir brukt som ei "offentleg dagbok", då kanskje dei nærmaste kan få eit innblikk i kvardagen deira. Det er både positive og negative sider ved dette. All informasjon du legg ut på internett kan bli brukt av andre, derfor må ein bruke "nettvett". Vær varsam med opplysningar og bilder du gjer offentleg for andre. Kven som helst kan også skrive kommentarar til innlegga ein legg ut.

Mange blir også berre "sosiale" når dei er heime, og ikkje når dei er ute blant folk. Ein kan lage seg ein profil der ein viser kven ein har lyst å vere - ikkje kven ein er. Til dømes kan ein framstå som ein svært aktiv person som trenar kvar dag, sjølv om ein eigentleg bere sit heime ved dataen. Det er lettare for mange å kommunisere skriftleg enn munnleg. Mange har også funne kjærleik og venskap gjennom dei sosiale nettverka.
Sjølv har eg akkurat fått meg blogg, og eg kjem til å bruke den som ein studieblogg - eit studieverktøy. Her kan lærar og andre interesserte lese blogg innlegga som vil handle om emne og fag. Bloggen blir dermed ikkje brukt som ei dagbok. Det blir ei øving av å bruke digitaleverktøy og også ei øving av å skrive innlegg som ein veit at kven som helst kan lese - altså eit offentleg innlegg. Ein kan slik sett seie at bloggen blir brukt som eit verktøy for læring.
Voe's blogg er tilgjengeleg frå [20.09.10]

Voe's blogg er tilgjengeleg frå
fredag 17. september 2010
1.samling og 1.oppgåve. 16/17 sept.
Då var DKL-studiet igang, og vi har alle fått oppretta oss ein blogg. Dette semesteret går eg 2.året allmennlærar, og i tillegg går eg DKL 101 dette halvår semesteret, og DKL 102 neste halvår. DKL står for Digital kompetanse for læring, og her kjem vi til å lære oss om korleis elevane i skulen skal få eit mest muleg meiningsfullt utbytte av digitale verktøy.
Første oppgåva vår var å intervjue ein av studentane her, og spørje kvifor studenten vil bli lærar, og kvifor ho/han tek DKL-studiet.
Jannike går 4.året allmennlærar her ved høgskulen. Ho vil bli lærar fordi ho ønskjer eit variert arbeid og ulike utfordringar i kvardagen. Ho er glad i barn og unge og konkluderte derfor med at lærar var eit yrke som passa for ho. Vidare ønskjer ho å verte trygg på digitale verktøy, for å kunne bruke dette i yrket sitt, og kunne veilede og lære elevane om dette. Det at det har blitt større og større bruk for denne kompetansa i skulen, har også hatt ei innverking på val av studiet.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)