mandag 24. januar 2011

Mindomo Tankekart



(Biletet blir tydelegare om du trykkjer på det)
Det kan diskuterast om det digitale tankekartet gir meirverdi eller ikkje. Gir det fordelar som papiret ikkje kan gi? Eller er det for tidkrevjande? På dette biletet finn du fordelar og ulemper, og ein kan heilt sikkert finne fleire.
Eit tankekart ein har digitalt, har ein lett tilgjengeleg om ein har kompetanse til å bruke det. Mindomo tankekart som er brukt her, er gratis. Det einaste ein treng å gjere er å gå inn på www.mindomo.com, og lage seg ein konto med mail adressa si. 

Det digitale tankekartet Mindomo kan gje meirverdi på den måten at ein kan dele det med andre. Dermed kan personar jobbe med det same tankekartet på to ulike stadar på jordkloda. Dette blir vanskelegare med papir. Ein kan i tillegg skrive ut tankekartet på papir om ein vil det. Mange kan synes at det blir dyrare å bruke pc, eller krevjande å alle tide måtte ha den med - og det kan også vere eit poeng. 

Med tanke på lagring og å ha tankekartet tilgjengeleg, kan det vere lettare å lagre det på datamaskina enn i ein papirbunke (perm). Det kan vere lettare at papir forsvinn, sjølv ein med dataproblem kan miste det eller å trykke på feil knapp - kan ein skape oversikt med å putte det i mapper - digitale porteføljer. 

Det er fleire for og imot, men sjølv meiner eg at digitale tankekart gir meirverdi - pga at du har fleire mulegheiter med det digitale.

fredag 14. januar 2011

Tre sosiale nettsamfunn

Her er ein link til oppgåva vi gjorde (gruppe 9), der vi omtala litt tre sosiale nettsamfunn.

Trykk her for å kome til oppgåva.

tirsdag 11. januar 2011

Sosialweb og mi historie

Som dei fleste veit, går vi djupare og djupare inn i den digitale verda. Dette går ikkje berre på arbeid og skulearbeid, men også den sosiale sida blir meir og meir teken av dataskjermen - både på godt og vondt.

Eg veit ikkje kor mange stilar og artiklar eg skreiv om dette på vidaregåande, men antallet steig. Eg kan fortelje litt om min eigen bakgrunn når det gjeld desse sosiale media.

Mi "historie" innan sosialweb
Sjølv er eg fødd i 1990 og blir 21 år i år. Eg kan tenke meg at eg byrja å bruke data til å spele spel rundt 10-12års alderen. Det var reint sjelden då det skulle tolmod til å vente på at dataen skulle starte, eller bevege seg frå ein link til ein annan. Særskilt hugsar eg websida www.jippii.no. Her kunne ein spele spel med folk frå ulike stadar i Noreg. Dette var spanande. I byrjinga var det spele som tok merksemda mi, men seinare blei det meir interessant å kunne kome i kontakt med andre folk. Det blei ingen varige venskap, berre dagleg snakk inne på spela. Eg ler stadig når eg hugsar det berømte uttrykket ASL, som vi spurde kvarandre når vi først møttast. Det er eit engelsk uttrykk: Age, sex and location. Altså kunne svaret bli: j 16 vestlandet. Forkortingar er kjende digitalt.

Vidare gjekk det til dagbladet si sosiale web side Blink som kom i 2001. Dette er ei slags "standard" sosialweb side. Du melder deg i grupper, legg til venar, legg ut bileter/videoar, kommenterar osv. Denne sida er norsk, så det er flest nordmenn du treff der. Eg var medlem på blink i ca. 2 år. Frå eg var 15-16. 

Første logg inn på Facebook
Ein dag fekk eg ein beskjed via MSN (messenger) om eg ikkje ville melde meg innpå Facebook, dette må ha vore på slutten av 2006. Eg melde meg inn der, og har vore medlem sida.

I byrjinga fårstod eg ikkje heilt korleis ting fungerte, det var mykje meir uoversiktleg enn blink følte eg. Eg melde meg ikkje ut av blink før eg oppdaga at eg ikkje brukte det lenger - alt vart Facebook istadenfor.
Venane mine byrja å bli medlemma, og eg fekk fleire og fleire venar der. Oppdateringane frå venane sine sider blei meir oversiktlege enn på den tidlegare nettsida. Plutseleg var ikkje den sosialeweben ett snev av uoversiktleg lenger, og eg var jamt innom websida. Facebook gav inntrykk på den måten at det stadig blei oppdatert, det blei lettare å utføre handlingar der - som til dømes å laste opp bileter etc.

Det som drog meg til Facebook og vekk frå det andre, var at nærmast "alle" er medlem der. Ein kan finne personar ein ikkje har hatt kontakt med på lenge - frå heile verda! og gjenskape og oppretthalde kontakt. Det er nok mange som er meir sosiale via facebook enn ute blant folk. 

Myspace
Sjølv har eg vore medlem hos myspace eit par år, men det har aldri vorte særleg brukt. Myspace er særleg tenkt bruk for artistar - som formidlar musikken sin gjennom det og får fleire tilhengjarar. Dette er ein god måte å gjere dette på, og fleire har vorte kjende gjennom myspace. Som regel ser ein ei myspace adresse når eit band reklamerar. 

Youtube
Her vart eg ikkje medlem før no nyleg, då eg berre har brukt det til å sjå andre sine innlegg og sjølv ikkje lasta noko opp. På youtube finn ein alt ifrå humoristiske filmsnuttar til kjende låtar frå berømte artistar. Det er også fleire som har vorte berømt gjennom dette mediet. Det mest humoristiske dømet på dette er ein gut som kallar seg: BeenerKeeKee19952
på youtube. Det er ein snart 16år gamal gut, dverg, som har på musikk i bakgrunnen og latar som han syng. Mimikken er heilt ufatteleg morosam, og han har fått fleire millionar som har sett filmane hans. Det siste eg såg av han var at den berømte artisten 50cent kjem inn på romet hans og "syng" saman med hans eigen song: "Down with me". Her er linken til videoen: http://www.youtube.com/watch?v=Dwimc4cvUmQ&feature=channel


For og imot
Internett gjer verda "mindre". Den er ikkje like stor og uoversiktleg lenger. Ein treff folk frå andre sida av jorda som har same interesser som seg sjøl. Ein skaffar seg lettare kunnskap om alt det skulle vere - det er lite det ikkje er skrive noko om. Det er ei utfluktsløysing, når ein blir satt over eit ord ein ikkje forstår - så ein berre kan google det og finne noko om det. Wikipedia står då sterkt her, som er verdens største leksikon.

Dei sosiale media gjer det lettare å halde kontakt med folk ein ikkje lenger møter så ofte. Ein kan dele sine opplevingar med andre ved å leggje ut bileter, og få  tilbakemeldingar frå andre. Slik kan ein også vere oppdatert på andre sine liv.

Så er det eit spørsmål: kvar går grensa for det ein legg ut? - Dette blir eit viktigare og viktigare tema som må fomidlast til elevane. Det ein legg ut på internett - forsvinn aldri. Det er sjeldan at vi les "terms of use" som er vilkåra dei ulike websidene seier du må godta. Bileta du legg ut, vil aldri forsvinne heilt.Eg har eit døme på dette:

Ubehageleg oppleving
Eg hadde ei tid ei slags bloggside som heitte piczo, der ein kan leggje ut bileter, skrive om seg sjølv etc. Denne sida blei aldri særskilt populært i min vennekrets, så det var raskt inn og raskt ut igjen. Poenget mitt var det at eg hadde sletta bileta mine derfrå, seinare fann eg ei slags "søppelbytte" innpå denne sida (som eg ikkje kunne slette frå) alle dei bileta eg hadde lasta opp frå før. Her kunne eg velje å vise bileta igjen, men då altså ikkje slette dei for godt. Dette likte eg ikkje, så eg sletta meg heilt frå websida. - Det er nok ikkje berre piczo som beheld bileta slik.

Tok lærdom
Etter dette har eg alltid vore forsiktig med kva bileter eg lastar opp på nettet. Dei forsvinn aldri, og som ung kan ein angre på det ein legg ut i seinare alder når ein sjølv skal ha seg arbeid. 

Fleire og fleire unge får seg sosialewebsider, og det er viktig at dei unge får gode moralske reglar å ha i bakhovudet, å tenkje seg om to gongar før ein legg ut ei opplysing eller noko anna av seg sjølv på nettet.
Om ein har desse med seg, er det mykje godt og spanande å hente frå den sosialeweben. Vi som lærarar bør hengje med det elevane er opptatt av, utan å gå for langt. Ved å vite kva som er deira kvardag, når vi dei enklare!